Utdanningsval (UTV01‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I utdanningsval handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane lærer å handtere medgang, motgang, utfordringar og overgangar på best mogleg måte. Gjennom læring og samhandling i faget skal elevane få innsikt i faktorar som kan ha betydning for livsmeistring og karriereval, bli førebudde på deltaking i arbeid og livslang læring, og få moglegheiter til å utvikle eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet.