Utdanningsval (UTV01‑03)
Kjerneelement
Karrierekompetanse
Å utvikle karrierekompetanse handlar om å forstå og utvikle seg sjølv og eiga læring, og å utvikle ein trygg identitet. Det handlar òg om å utforske utdanningsmoglegheiter og arbeidslivet. Dette inkluderer ferdigheiter i å kunne samle, analysere og ta i bruk informasjon både om utdanning, arbeid og seg sjølv. Ferdigheiter i å handtere overgangsfasar i livet og ferdigheiter i å ta val og forstå konsekvensar av val skal òg vere ein del av faget. Elevane må oppleve karrierelæringa som heilskapleg og relevant.