Utdanningsval (UTV01‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Utdanningsval er eit sentralt fag for å bidra til å gjere elevane i stand til å ta gode utdannings- og yrkesval. Faget skal bidra til at elevane utviklar ein trygg identitet og til at dei skal kunne ta val ut frå eigne interesser og føresetnader. Gjennom arbeidet med faget skal elevane skaffe seg kunnskap om moglegheiter og krav i utdanningssystemet og i arbeidslivet. Faget skal bidra til at elevane utviklar kompetanse i å handtere overgangar, bidra til deltaking og skape forståing for samanhengar mellom utdanning og jobbmoglegheiter.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Utdanningsval skal bidra til at elevane tek sjølvstendige val. Faget skal vidare bidra til at dei utforskar karrieremoglegheiter baserte på likeverd og likestilling. I faget skal elevane utvikle identiteten sin gjennom å delta i eit inkluderande og mangfaldig fellesskap som balanserer individuelle ønske og verdiane til fellesskapet.