Vg1 bygg- og anleggsteknikk (BAT01‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg1 bygg- og anleggsteknikk handlar om å utvikle grunnleggjande kompetanse innanfor bygg og vedlikehald av bygningar, anlegg, vegar, vass- av avløpsinfrastruktur og annan infrastruktur. Programfaga skal òg gi elevane kompetanse i å bruke digitale verktøy og vurdere korleis miljø- og klimaendringar påverkar bygg- og anleggsbransjen. Vidare skal programfaga bidra til at elevane følgjer krava i regelverket ved bruk av produkt og i arbeid innan bygg- og anleggsteknikk.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Programfaga skal bidra til å vidareføre kunnskap om historia til bygg- og anleggsbransjen, utvikle kulturarven og skape løysingar for framtida. Vidare skal programfaga medverke til å forvalte ressursane på ein berekraftig måte. Vg1 bygg- og anleggsteknikk skal bidra til å gi kunnskap om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.