Vg1 bygg- og anleggsteknikk (BAT01‑03)
Kjerneelement
Bygg- og anleggsarbeid
Kjerneelementet bygg- og anleggsarbeid handlar om byggkonstruksjon i prosessen frå planlegging og skissering til bygging, kvalitetssikring og vedlikehald av bygg- og anleggskonstruksjonar. Dette inneber å bruke teikningar og arbeidsskildringar til eige arbeid og i kommunikasjon med oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar. Vidare handlar det om ulike byggjeskikkar og byggjetradisjonar og korleis desse pregar bygg- og anleggsarbeid. Kjerneelementet handlar om å bruke fagspråk og kommunisere tydeleg, og det handlar om teknologiutvikling gjennom bruk av verktøy til ulike formål.
Materiale og verktøy
Kjerneelementet materiale og verktøy handlar om eigenskapane og bruksområda til materiale og verktøy og om korleis val av verktøy og materiale påverkar klima, miljø og økonomi. Dette inneber å vurdere val av verktøy og materiale ut frå rammene i og formålet med arbeidsoppdraget. Kjerneelementet handlar vidare om å følgje retningslinjer for kjeldesortering og forstå konsekvensar av feilhandtering.
Førebygging av helseskadar og ulukker
Kjerneelementet førebygging av helseskadar og ulukker handlar om helse, miljø og sikkerheit og korleis dette ligg til grunn for alle praktiske arbeidsoppgåver i faget. Det handlar om å vurdere risiko knytt til arbeid i bygg- og anleggsbransjen og å gjennomføre ulike tiltak som førebyggjer helseskadar og ulukker. Dette inneber å forstå og følgje sikkerheitsinstruksjonar og regelverk ved bruk av verktøy, maskiner, kjemikaliar og materiale og å bruke riktig verneutstyr. Vidare handlar dette om å følgje ergonomiske prinsipp i yrkesutøvinga og å kvalitetssikre eige arbeid.