Vg1 bygg- og anleggsteknikk (BAT01‑03)
Tverrfaglege tema
Demokrati og medborgarskap
I vg1 bygg- og anleggsteknikk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å utvikle kunnskap om og forståing av kulturarven og ulike byggjetradisjonar. Å kunne samarbeide på tvers av fag og yrkesgrupper og å forstå dei demokratiske prosessane i arbeidslivet inngår òg i temaet demokrati og medborgarskap. Vidare inneber det å utvikle ein identitet og eit medvite forhold til kva forventningar samfunnet har til ein yrkesutøvar.
Berekraftig utvikling
I vg1 bygg- og anleggsteknikk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å velje berekraftig løysingar som gir lite miljøavtrykk. Det inneber vidare å velje materiale ut frå miljøomsyn og ta i bruk materiale som gir energieffektive konstruksjonar. Vidare handlar berekraftig utvikling om klima- og miljøavtrykk ved bruk av maskiner og utstyr. Vedlikehald, ombruk og resirkulering av materiale, maskiner og reiskapar inngår òg i temaet berekraftig utvikling.