Vg1 bygg- og anleggsteknikk (BAT01‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg1 bygg- og anleggsteknikk inneber å kunne bruke faguttrykk og kommunisere forståeleg med kollegaer og samarbeidspartnarar. Det inneber å tilpasse eige språk til mottakar, innhald og formål og å lytte til og vise respekt for den som snakkar.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg1 bygg- og anleggsteknikk inneber å kunne planleggje og dokumentere arbeidsprosessar. Det inneber å kunne ytre seg forståeleg om byggfaglege tema. Vidare handlar det om å kunne bruke eit presist fagspråk og tilpasse tekstar til ulike formål, mottakarar og medium. Det inneber òg å kunne bruke og kombinere ulike uttrykksformer som tekst, bilete og symbol i skildringar og arbeidsteikningar.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg1 bygg- og anleggsteknikk inneber å kunne tileigne seg ny kunnskap og innsikt. Vidare handlar det om å forstå faglitteratur, forskrifter, spesifikasjonar, produktskildringar og arbeidsskildringar som gjeld bygg- og anleggsteknikk.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg1 bygg- og anleggsteknikk inneber å kunne berekne tid, pris, vekt, volum, mengd, storleikar og massar. Vidare vil det seie å kunne bruke målestokk, måle og berekne vinklar i tilknyting til konstruksjonar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg1 bygg- og anleggsteknikk inneber å kunne bruke digitale ressursar formålstenleg og forsvarleg. Vidare vil det seie å kunne bruke digitale ressursar og kommunisere og samhandle med andre. Det inneber òg å vurdere informasjon frå digitale kjelder kritisk, bruke nettvett og utvikle digital dømmekraft.