Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 4. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese og lytte til forteljingar, eventyr, songtekstar, faktabøker og andre tekstar på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og samtale om kva tekstane betyr for eleven
- velje bøker frå bibliotek ut frå eigne interesser og leseferdigheiter
- lese tekstar med flyt og forståing og bruke lesestrategiar målretta for å lære
- utforske og formidle tekstar gjennom samtale, skriving, leik, bevegelse og andre kreative uttrykk
- samtale om forskjellen mellom meiningar og fakta i tekstar
- halde munnlege presentasjonar med og utan digitale ressursar
- kombinere ulike uttrykksformer i samansette tekstar
- følgje opp innspel frå andre i faglege samtalar og stille oppklarande og utdjupande spørsmål
- beskrive, fortelje og argumentere munnleg og skriftleg og bruke språket på kreative måtar
- skrive tekstar med funksjonell handskrift og med tastatur
- bruke komma og andre skiljeteikn i tekstar
- bruke fagspråk om setningsoppbygging og bøying av verb, substantiv og adjektiv i samtalar om språk og om eigne og andre sine tekstar
- reflektere over korleis språkbruken vår påverkar andre, og korleis vi tilpassar og endrar språket i ulike situasjonar
- samanlikne ord og uttrykk i norsk og andre språk
- utforske og samtale om språkleg variasjon og mangfald i nærmiljøet
- utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på 3. og 4. trinn når dei les med flyt og forståing og bruker fagspråk i samtalar om språk og tekstar. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei utforskar fagleg innhald, og når dei uttrykkjer seg i munnlege, skriftlege og samansette tekstar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får lære gjennom å vere i bevegelse, leike, undre seg og bruke sansane sine. Læraren skal leggje til rette for at elevane lærer gjennom å få prøve seg fram og bruke kreativitet og fantasi i arbeidet med å utvikle munnlege og skriftlege ferdigheiter. Vidare skal læraren leggje til rette for at elevane utviklar kompetanse gjennom praktisk arbeid, samtalar og meiningsutvekslingar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i norsk. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.