Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg2 studieførebuande utdanningsprogram
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese norrøne tekstar i omsetjing og samanlikne dei med tekstar frå nyare tid
- lese og tolke tekstar frå 1500 til 1850 i kulturhistorisk kontekst og drøfte korleis dei er relevante i dag
- utforske og reflektere over korleis tekstar frå romantikken og nasjonalromantikken framstiller menneske, natur og samfunn, og samanlikne med tekstar frå nyare tid
- reflektere over sakprosatekstar og gjere greie for den retoriske situasjonen dei er blitt til i
- skrive fagartiklar som gjer greie for og drøfter tekstar i kontekst
- bruke tilbakemeldingar og kunnskap om språk, tekst og sjanger til å utvikle eigne tekstar
- bruke fagkunnskap og retoriske ferdigheiter i norskfaglege diskusjonar og presentasjonar
- bruke fagspråk til å beskrive særtrekk ved norsk samanlikna med svensk, dansk og norrønt
- gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på vg2 studieførebuande utdanningsprogram når dei tolkar tekstar i kontekst og samanliknar eldre og nyare tekstar i ulike medium og sjangrar. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker kunnskap om språket som system til å utvikle eigne tekstar og til å samanlikne språk.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane lagar eigne problemstillingar og arbeider kreativt for å finne svar på desse. Læraren skal leggje til rette for at elevane utviklar uthald i større arbeid, anten det gjeld lesing av lengre tekstar eller utforskande arbeid med faglege problemstillingar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å vidareutvikle kompetansen sin i faget.
I halvårsvurderinga skal læraren gi éin karakter i norsk munnleg og éin i norsk skriftleg. Karakteren i norsk munnleg skal bli gitt på bakgrunn av den kompetansen elevane har vist når dei har kommunisert fagleg innhald munnleg. Karakteren i norsk skriftleg skal bli gitt på grunnlag av kortare og lengre elevtekstar i ulike sjangrar på både hovudmål og sidemål.