Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese, analysere og tolke nyare skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk
- reflektere over korleis tekstar framstiller møte mellom ulike kulturar
- gjere greie for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklege verkemiddel i sakprosatekstar
- lytte til andre, byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjonar
- bruke ulike kjelder på ein kritisk, sjølvstendig og etterretteleg måte
- kommunisere klart og forståeleg munnleg og skriftleg i yrkesrelevante sjangrar
- bruke relevant fagspråk til å presentere, gjere greie for og dokumentere faglege emne og arbeidsprosessar frå eige utdanningsprogram
- orientere seg i faglitteratur frå eige yrkesfagleg område for å finne, kombinere og vurdere relevant informasjon
- kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eiga tekstskaping
- vurdere og arbeide vidare med eigne tekstar ut frå tilbakemeldingar og faglege kriterium
- skrive tekstar med god struktur og tekstbinding og meistre teiknsetjing og rettskriving på hovudmål
- samanlikne særtrekk ved norsk med andre språk og vise korleis språklege møte kan skape språkendringar
- gjere greie for utbreiinga av dei samiske språka i Noreg, fornorskingspolitikken og dei språklege rettane samar har som urfolk
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse norsk på vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram når dei utformar tekstar på kreative måtar, og når dei utforskar faglege emne med kritisk bruk av kjelder og presenterer dette i munnlege og skriftlege tekstar med struktur og samanheng. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker kunnskap om språket som system til å utforske og samanlikne språk, og når dei reflekterer kritisk over eigne og andre sine tekstar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får arbeide oppdagande og utforskande, åleine og saman med andre. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å arbeide vidare med eigne munnlege og skriftlege tekstar.
I halvårsvurderinga skal læraren i samsvar med standpunktvurderinga gi éin karakter i norsk.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen elevane har i norsk ved avslutninga av opplæringa etter vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje éin karakter i norsk etter vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram der munnleg og skriftleg kompetanse blir tillagde like stor vekt. Karakteren skal vere basert på den kompetansen eleven har vist når eleven har kommunisert fagleg innhald munnleg, og kompetansen eleven har vist i skriftlege elevtekstar på hovudmål i ulike sjangrar og for ulike formål.