Norsk (NOR01‑06)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I norsk handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle evna elevane har til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg. Dette gir elevane grunnlag for å kunne gi uttrykk for eigne kjensler, tankar og erfaringar, noko som er viktig for å handtere relasjonar og delta i eit sosialt fellesskap. Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa kan både stadfeste og utfordre sjølvbiletet til elevane og dermed bidra til identitetsutviklinga og livsmeistringa deira.
Demokrati og medborgarskap
I norsk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å utvikle dei munnlege og skriftlege retoriske ferdigheitene til elevane, slik at dei kan gi uttrykk for eigne tankar og meiningar og delta i samfunnsliv og demokratiske prosessar. Gjennom kritisk arbeid med tekstar og ytringar øver elevane opp evna til kritisk tenking og lærer seg å handtere meiningsbrytingar gjennom refleksjon, dialog og diskusjon. Lesing av skjønnlitteratur og sakprosa gir elevane innblikk i livssituasjonen og utfordringane til andre menneske. Dette kan bidra til at dei utviklar forståing, toleranse og respekt for synspunkta og perspektiva til andre menneske, og det kan leggje eit grunnlag for konstruktiv samhandling.
Berekraftig utvikling
I norsk handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at elevane skal utvikle kunnskap om korleis tekstar framstiller natur, miljø og livsvilkår, lokalt og globalt. Gjennom å møte tekstmangfaldet i faget, lese kritisk og delta i dialog kan elevane utvikle evna til å forstå og handtere meiningsmotsetningar og interessekonfliktar som kan oppstå når samfunnet blir endra i ei meir berekraftig retning. Faget norsk bidreg til å bevisstgjere elevane og ruste dei til å handle og påverke samfunnet gjennom språket.