Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg1 studieførebuande utdanningsprogram
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- lese, analysere og tolke nyare skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk
- reflektere over korleis tekstar framstiller møte mellom ulike kulturar
- gjere greie for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklege verkemiddel i sakprosatekstar
- lytte til andre, byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjonar
- bruke ulike kjelder på ein kritisk, sjølvstendig og etterretteleg måte
- greie ut om og drøfte norskfaglege eller tverrfaglege tema munnleg
- skrive fagartiklar som greier ut om og drøftar norskfaglege eller tverrfaglege emne
- bruke fagspråk til å beskrive setningsoppbygginga og samanhengen mellom setningar i arbeid med tekstar
- kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eiga tekstskaping
- vurdere og arbeide vidare med eigne tekstar ut frå tilbakemeldingar og faglege kriterium
- skrive tekstar med god struktur og tekstbinding og meistre teiknsetjing og rettskriving på hovudmål og sidemål
- samanlikne særtrekk ved norsk med andre språk og vise korleis språklege møte kan skape språkendringar
- gjere greie for utbreiinga av dei samiske språka i Noreg, fornorskingspolitikken og dei språklege rettane samar har som urfolk
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i norsk på vg1 studieførebuande utdanningsprogram når dei uttrykkjer seg kreativt, og når dei utforskar faglege emne med kritisk bruk av kjelder og presenterer desse i munnlege og skriftlege tekstar med struktur og samanheng. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker kunnskap om språket som system til å utforske og samanlikne språk, og når dei reflekterer kritisk over eigen og andre sin bruk av verkemiddel i tekstar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får arbeide oppdagande og utforskande både åleine og saman med andre. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga elevane viser i norsk munnleg og i skriftleg hovudmål og sidemål. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å reflektere over eiga læring og som grunnlag for å arbeide vidare med eigne munnlege og skriftlege tekstar.
I halvårsvurderinga skal læraren gi éin karakter i norsk munnleg og éin i norsk skriftleg. Karakteren i norsk munnleg skal bli gitt på bakgrunn av den kompetansen elevane har vist når dei har kommunisert fagleg innhald munnleg. Karakteren i norsk skriftleg skal bli gitt på grunnlag av kortare og lengre elevtekstar i ulike sjangrar på både hovudmål og sidemål.