Norsk (NOR01‑06)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg3 studieførebuande utdanningsprogram

  • analysere og tolke romanar, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk frå 1850 til i dag og reflektere over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og eiga samtid
  • utforske og reflektere over korleis tekstar frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen framstiller menneske, natur og samfunn
  • skrive essay som utforskar og reflekterer over innhald i tekstar
  • skrive litterære tolkingar og samanlikningar
  • analysere uttrykksformer i samansette tekstar i ulike medium og vurdere samspelet mellom dei
  • bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskande samtalar, diskusjonar og munnlege presentasjonar om norskfaglege emne
  • skrive retoriske analysar og tolkingar av sakprosatekstar
  • meistre språklege formkrav på hovudmål og sidemål og skrive tekstar med etterretteleg kjeldebruk og eit presist og nyansert språk
  • orientere seg i faglitteratur, vurdere kjelder kritisk og skrive fagartiklar som greier ut om og drøftar norskfaglege emne
  • gjere greie for endringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering