Vg3 bilpleiefaget (BIP03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 bilpleiefaget handlar om bilpleie på køyretøy og utstyr. Faget medverkar til at lærlingane lærer å utføre ettersyn, vedlikehald og utbetring av alle typar interiør og eksteriør. Faget skal medverke til ei meir berekraftig utvikling i samfunnet ved å fremje forståing for at miljøvennlege produkt, gjenbruk av materiell og varetaking av materielle verdiar kan vere med på å redusere belastninga på klimaet og miljøet. Vidare skal bilpleiefaget fremje fagleg identitet, vise fram yrkestradisjonane og medverke til at arbeidslivet har kvalifiserte bilpleiarar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 bilpleiefaget skal medverke til at lærlingane utviklar kritisk tenking gjennom arbeid med praktiske oppgåver med bilpleie på køyretøy og utstyr, der vala og utføringa har innverknad på prosess og resultat. Refleksjon over korleis pleieprodukt og -metodar påverkar miljøet og sosiale forhold, vil fremje det etiske medvitet deira. Lærlingane utviklar skaparglede og engasjement gjennom å erfare korleis fagkompetansen deira medverkar til at overflatene, og dermed køyretøya, varer lenger.