Vg3 bilpleiefaget (BIP03‑01)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I vg3 bilpleiefaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om kunnskap om korleis material- og produktval og reparasjonsmetode påverkar klima, miljø og sosiale forhold. Det handlar òg om å ta medvitne miljøval ved avfallshandtering og resirkulering av materiale og produkt.