Vg3 bilpleiefaget (BIP03‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 bilpleiefaget inneber å kommunisere med kundar og diskutere faglege løysingar med arbeidskollegaer. Det inneber òg å bruke fagspråk for å beskrive og forklare ulike arbeidsoppgåver, unngå feil og misforståingar og gjere seg forstått.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 bilpleiefaget inneber å planleggje, utforme og leggje til rette arbeidsordrar, rapportar og dokumentasjon. Det inneber òg å forklare og kommunisere med kundar og kollegaer om kva som blir gjort under utføringa av faglege oppgåver.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 bilpleiefaget inneber å finne fram i og følgje arbeidsbeskrivingar, regelverkprosedyrar, bruksrettleiingar og teikningar. Vidare inneber det å bruke datablad og faglitteratur for å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar, og å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 bilpleiefaget inneber å gjere utrekningar, kostnadsanalysar og kalkulasjonar knytte til arbeidsprosessane. Det inneber òg å berekne ressursbruk ved ulike materialval og areal og gjere målingar av overflater på køyretøy.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 bilpleiefaget inneber å bruke digitale ressursar for å hente inn aktuelle reparasjonsmanualar og produktbeskrivingar til planlegging, produksjon og dokumentasjon. Vidare inneber det å bruke diagnoseverktøy, kommunisere med kundar og kostnadsberekne oppdrag digitalt.