Vg3 bilpleiefaget (BIP03‑01)
Kjerneelement
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om bruk av verneutstyr og regelverk for helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen. Vidare handlar det om kjennskap til og bruk av miljøvennlege bilpleieprodukt og ergonomiske arbeidsmetodar. Kjerneelementet handlar òg om å gjere risikovurderingar ved bruk av løfteutstyr og elektrisk verktøy og å sikre at arbeidet på køyretøy med ulike drivkjelder og sikkerheitssystem skjer under trygge forhold.
Produktkunnskap og teknologi
Kjerneelementet produktkunnskap og teknologi handlar om kjennskap til og bruk av teknologisk utstyr og produkt som er tilgjengelege på marknaden. Kunnskap om kjemien og bruksområda til produkta og korleis ein nyttar teknologien, inngår i kjerneelementet. Vidare handlar det om teknologiske metodar for å reparere defekte overflater innvendig og utvendig på køyretøyet.
Kvalitetsvurdering og dokumentasjon
Kjerneelementet kvalitetsvurdering og dokumentasjon handlar om å beskrive arbeidsoppdrag, planleggje arbeidsprosessen og gjere tids- og kostnadsoverslag. Det handlar òg å gjennomføre eit oppdrag i samsvar med spesifikasjonar og produsentkrav for å betre kvaliteten på overflatene. Vidare handlar det om dokumentasjon av arbeidsprosessar og kritisk refleksjon over val av arbeidsmetode, produkt og resultat.
Kundekontakt og kommunikasjon
Kjerneelementet kundekontakt og kommunikasjon handlar om å kommunisere og samarbeide med kundar og kollegaer med ulik bakgrunn og kultur. Det handlar òg om å forstå ønska og behova til kunden og overføre dette til rett behandlingsmetode. Vidare handlar det om å vise respekt for ulikskap og å reflektere over korleis den enkelte kan medverke til eit godt arbeidsmiljø på verkstaden.