Vg3 bunadtilverkarfaget (BUN03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid
  • analysere lokal og nasjonal bunadtilverkartradisjon og nytte historiske korrekte saumteknikkar i arbeid med bunader, skjorter og ytterplagg
  • vurdere og utføre reparasjonar og omsaum på bunader
  • ta mål, tilpasse mønster, prøve inn og tilpasse nye og eldre bunader til kunde
  • velje og bruke tekstilar i ulike veveteknikkar i tilverking av ein bunad og gjere greie for korleis ulike val kan påverke kvaliteten og haldbarheita til bunaden
  • anvende teknikkar for handsaum og maskinsaum og gjere greie for kva for teknikk som skal nyttast i den aktuelle bunaden og på tekstilt tilbehøyr
  • nytte angitt syrettleiing for bunader, bunadsskjorter og tekstilt tilbehøyr
  • nytte presse- og stiveteknikkar og før- og etterbehandlingsmetodar tilpassa materiale og bruksområde
  • anvende dei mest utbreidde broderiteknikkane for bunader og bunadsskjorter
  • gjere greie for grunnprinsippa for rekonstruksjon av folkedrakter og mønsteravtak frå eldre plagg
  • berekne tid og pris på eigne produkt, og gjere greie for korleis ulike val påverkar tidsbruk og lønnsemd
  • gjere greie for forskjellen på bunad og folkedrakt, både stilhistorisk og saumteknisk, og bruke denne kunnskapen i eige arbeid
  • bruke fagterminologi i kommunikasjon med kundar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar knytte til tilverking av bunader
  • gjere greie for bunadsbruk og korleis bruken i dag tek vare på ein levande tradisjon
  • rettleie kundar i bruk og vedlikehald av bunad og med tilbehøyr som draktsølv, hovudplagg og fottøy
  • utforske og bruke faget si historie og eigenart til å formidle og vidareføre tradisjonell kunnskap om bunadtilverking og til å rettleie kundar
  • anvende og halde ved like maskiner og utstyr og følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit i arbeidet på verkstaden
  • finne og vurdere informasjon for å drøfte faglege spørsmål og problemstillingar og utvise kjeldekritikk
  • gjere greie for gjeldande lovverk om opphavsrett og marknadsføring og følgje dette i eige arbeid
  • bruke formålstenlege arbeidsstillingar og gjere greie for gode arbeidsrutinar i ein produksjon
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren

Undervegsvurdering