Vg3 bunadtilverkarfaget (BUN03‑02)
Kjerneelement
Tilverke ein bunad
Kjerneelementet tilverke ein bunad handlar om å ta mål, sy, tilpasse, halde ved like og reparere bunader ved hjelp av tradisjonelle og tidsriktige teknikkar og etter retningslinjene for den aktuelle bunaden. Det handlar vidare om å forstå samanhengen mellom nasjonale og lokale tradisjonar knytte til bunader og bunadsbruk. Den faglege forståinga inkluderer å gjere greie for forskjellen på folkedrakt og bunad og ha kjennskap til og respekt for mangfaldet blant dei norske bunadane.
Handverkskunnskap og materiallære
Kjerneelementet handverkskunnskap og materiallære handlar om handverksteknikkar som blir brukte i tilverking av bunader og tekstilt tilbehøyr til bunader. Dette kjerneelementet handlar òg om kjennskap til historiske og nyare materiale og tilverkingsmetodar. Vidare handlar handverkskunnskap og materiallære om val og bruk av tekstilt materiale og om å forstå eigenskapane til dei ulike materiala og korleis dei blir framstilte. Dessutan handlar dette kjerneelementet om å halde ved like, stelle og ta vare på dei ulike plagga i ein bunad. Kjerneelementet handlar og om vedlikehald av utstyr og verktøy.
Bedriftsforståing
Kjerneelementet bedriftsforståing handlar om å organisere arbeidet slik at verksemda er effektiv, lønnsam og etisk forsvarleg. Det handlar òg om å planleggje og halde tidsfristar og avtalar overfor både leverandørar og kundar. Vidare handlar det om å bruke varierte arbeidsstillingar og følgje regelverket for helse, miljø og sikkerheit.
Kunderettleiing og kundebehandling
Kjerneelementet kunderettleiing og kundebehandling handlar om å gi relevante opplysningar og å sikre dei faglege tradisjonane og uttrykka for kvar enkelt bunad. Kundebehandling handlar òg om å rettleie kunden i påkleding, bruk og vedlikehald av bunad og tilhøyrande delar. Vidare handlar kundebehandling om å kunne ta mål, samhandle med kunden og skape ei god bunadsoppleving.