Vg3 bunadtilverkarfaget (BUN03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 bunadtilverkarfaget handlar om å tilverke bunader med tilhøyrande tekstile delar. Gjennom praktisk arbeid i tradisjonelle bunadsteknikkar for tilverking, omsaum og reparasjon utviklar lærlingane kunnskap om materiale og drakttradisjonar i handverket og om den folkelege og allmenne bunadsbruken i Noreg. Faget skal førebu yrkesutøvarar som kan dekkje behovet for tilverking og bruk av bunader til eit breitt spekter av kundar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 bunadtilverkarfaget skal bidra til tilverking av bunader og tilbehøyr med utgangspunkt i berekraft, kvalitet, kultur og historie. Lærlingane skal oppleve meistring og finne sin eigen faglege identitet gjennom å utvikle handlag og reflektere over handverksutføringa i arbeid med bunader og tilbehøyr. Faget vidarefører tradisjonell handverkskunnskap som sikrar mangfald og lokal forankring. Videre bidreg faget til å skape respekt og forståing for kultur- og naturarv, og til at ressursar blir teke vare på for framtida. Faget skal òg bidra til å gi lærlingane kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om betydninga av trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle faget og eit betre arbeidsliv.