Vg3 bunadtilverkarfaget (BUN03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 bunadtilverkarfaget inneber å delta i samtaler med fagleg innhald. Det inneber å kunne bruke fagterminologi i kommunikasjon med kundar, leverandørar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Lærlingane utviklar munnlege ferdigheiter og fagleg forståing gjennom å diskutere og reflektere over arbeidsmetodar og fagkunnskap.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 bunadtilverkarfaget inneber å kunne bruke fagterminologi i skriftleg kommunikasjon med kundar, kollegaer, leverandørar og andre samarbeidspartnarar om bunadstradisjonar, estetikk, arbeidsprosessar og historiske kjelder. Det inneber òg å kunne delta i faglege diskusjonar, å kunne dokumentere eige arbeid og å kunne utarbeide syrettleiingar.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 bunadtilverkarfaget inneber å finne og vurdere informasjon i faglitteratur, ulike tekstar, arbeidsbeskrivingar, syrettleiing, teikingar, bilete og illustrasjonar. Det inneber òg å samanlikne, tolke informasjon og trekkje faglege slutningar ut frå kjent og ukjent fagstoff. Vidare inneber det å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve.
Å kunne rekne
Å kunne regne i vg3 bunadtilverkarfaget inneber å bruke informasjon frå eit måleskjema. Det inneber òg å rekne ut storleik, tilpasse mønster og materialforbruk og berekne tidsbruk. I tillegg inneber det å gjere økonomiske berekningar i samband med pristilbod.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 bunadtilverkarfaget inneber å kunne innhente opplysningar om bunader og folkedrakter. Vidare inneber det å kunne delta i digitale nettverk og å kunne presentere eige arbeid. Digitale ferdigheiter inneber òg kunnskap om kjeldebruk og sitat, digital dømmekraft og medvit om kritisk kjeldebruk.