Vg3 bunadtilverkarfaget (BUN03‑02)
Vurderingsordning
Sluttvurdering
Før sveineprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i vg3 bunadtilverkarfaget skal avsluttast med ei sveineprøve. Alle skal opp til sveineprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på 8–10 vyrkedagar.