Grunnmodul FOV (FOV01‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- presentere seg med namn, adresse, fødselsdato og telefonnummer i relevante situasjonar
- fortelje på ein enkel måte om seg sjølv og dagleglivet sitt
- identifisere, utforske og samtale om likskapar mellom norsk og andre språk deltakaren kan frå før
- ta i bruk nokre formålstenlege frasar i samtale med andre
- stille spørsmål for å få informasjon og be om oppklaring eller hjelp
- bruke kjende læringsstrategiar, og utforske nokre nye, i møte med nye ord og omgrep
- bruke fleirspråklege strategiar for å skape ei felles forståing av bilete, ord og omgrep i ein samtale
- uttrykkje eigne behov, ønske og meiningar, med støtte
- identifisere relevante tekstar i eigen kvardag og forstå kva dei blir brukte til
- utforske, lytte ut og kjenne att norske språklydar og stavingar i kjende ord og kunne knyte dei til bokstavar
- trekkje saman lyder til stavingar og ord
- skrive og uttale bokstavar og talsymbol på ein funksjonell og forståeleg måte
- lese og uttale kjende lydrette ord og nokre frekvente ikkje-lydrette ord
- skrive namn, adresse, fødselsdato og telefonnummer i eit enkelt skjema
- skrive ord og korte setningar om kjende og relevante tema
- lese symbol, visuell informasjon og bilete for å kunne orientere seg i opplæringa, kvardagen og lokalsamfunnet
- følgje enkle, illustrerte instruksjonar
- lese svært enkle tekstar om kjende tema og bruke nokre lese- og forståingsstrategiar
- forstå og uttrykkje tid ved hjelp av klokke og kalender i relevante samanhengar
- forstå samanhengen mellom mengd, talord og talsymbol
- samtale med utgangspunkt i eigne erfaringar om ulike måtar å telje på
- telje i stigande og søkkande rekkjefølgje og forstå plassverdisystemet til dei naturlege tala
- utforske og bruke praktisk matematikk og rekneartar i samband med innkjøp, måling, sortering og utrekning av mengd
- bruke og snakke om nokre grunnleggjande matematiske omgrep knytte til eigen kvardag, som formar, storleikar, avstand og forhold
- utforske strategiar og representasjonar i grunnleggjande rekning og vurdere eigne svar
- kjenne til og bruke sentrale omgrep knytte til kropp og helse
- vise nokre aktuelle geografiske plasseringar på kart
- utforske og kjenne til nærmiljøet og kunne fortelje om det med støtte
- lage enkle samansette tekstar med ord, enkle setningar og bilete om sjølvvalde tema frå nærmiljøet
- gi døme på miljøbevisste val i kvardagen
- samtale med støtte om erfaringar med opplæring og arbeid
- bruke nokre digitale ressursar og verktøy i kommunikasjon og som støtte i språk- og faglæring
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i grunnmodulen når dei bruker norsk for å snakke om kjende kvardagslege og faglege tema, og når dei kan lese og skrive ord, setningar og svært enkle tekstar, med støtte frå konteksten. Det inneber vidare at dei kan ta i bruk grunnleggjande ferdigheiter i læringsarbeidet. Dei viser og utviklar kompetanse òg når dei bruker strategiar for å forstå og gjere seg forstått på ein enkel måte i ein læringsfellesskap.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å byggje vidare på kompetansen til deltakarane og bruke praktiske erfaringar og ferdigheiter i læringsprosessen. Dette inneber mellom anna at deltakarane skal ta i bruk erfaringane sine og fleirspråklegheita si i læringsarbeidet. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i grunnmodulen. Deltakarane skal få moglegheit til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal òg få informasjon om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane sine, erfaringar og språklege ressursar til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.