Grunnmodul FOV (FOV01‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I grunnmodulen handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å leggje eit grunnlag for at deltakarane kan forstå og uttrykkje seg for å kunne vareta eiga helse og eigen livssituasjon i Noreg. Deltakarane skal oppleve at den fleirspråklege og fleirkulturelle bakgrunnen deira er ein ressurs. Opplæringa legg eit grunnlag for å kunne delta i nye sosiale fellesskapar og orientere seg i det norske samfunnet.
Demokrati og medborgarskap
I grunnmodulen handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å utvikle grunnleggjande ferdigheiter for å kunne delta i lokalsamfunnet og i demokratiske prosessar. Deltakarane skal kunne uttrykkje eigne tankar og meiningar og delta i samtalar for å styrkje forståing, toleranse og respekt for synspunkta og perspektiva til andre menneske. Deltakarane skal oppleve at erfaringar, ferdigheiter, kunnskapar og strategiar dei har med seg, blir verdsette og sett på som ein ressurs i samfunnet.
Berekraftig utvikling
I grunnmodulen handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å vidareutvikle og nytte kunnskap om samanhengen mellom natur, miljø og samfunn. Deltakarane sine erfaringar med gjenbruk og ressursutnytting skal vere utgangspunkt for temaet. Temaet skal leggje til rette for at deltakarane tek miljøbevisste val i eigen kvardag.