Grunnmodul FOV (FOV01‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Å ha munnlege ferdigheiter i grunnmodulen inneber å lytte, forstå og kommunisere på ein enkel måte i opplæringa og i dagleglivet. Deltakarane skal utvikle uttale, ordtilfang og omgrepsforståing på norsk, kunne ta i bruk korte setningar og innøvde frasar, og kunne tilpasse språket noko til mottakar og situasjon. Slik skal dei vidareutvikle strategiar for å forstå og bli forstått i kommunikasjon med andre. I grunnmodulen skjer utviklinga av munnlege ferdigheiter gjennom praktisk erfaring med munnleg språk.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i grunnmodulen er å kunne skrive namn, ord, korte setningar og heilt enkle, meiningsfulle tekstar. Det inneber å forstå og kunne bruke samanhengen mellom lyd og bokstav, kommunisere på ein enkel måte med forståeleg ortografi, og å kunne skrive med funksjonell handskrift og med tastatur. Å kunne skrive i grunnmodulen er vidare å bruke grunnleggjande skrivestrategiar og å utvikle eit grunnlag for å bruke skrift til læring. Grunnmodulen har eit særleg ansvar for den første utviklinga av skriveferdigheiter.
Å kunne lese
Å kunne lese i grunnmodulen inneber å lese og hente meining ut av ulike tilpassa og enkle autentiske tekstar på papir og digitalt og å bruke strategiar for forståing og avkoding. Det omfattar òg å kunne hente informasjon frå illustrasjonar, symbol og bilete i samansette tekstar. Deltakarane skal kunne bruke avkodingsferdigheiter og avkodingsstrategiar for å lese ord, frasar, korte setningar og tekstar. Grunnmodulen har eit særleg ansvar for den første utviklinga av leseferdigheiter.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i grunnmodulen inneber å tileigne seg og å kommunisere om matematisk informasjon i kvardagen og i opplæringa. Vidare skal deltakarane kunne kjenne att, hente inn og vurdere matematisk informasjon. Opplæringa skal ta utgangspunkt i erfaringane til deltakarane og behova deira for funksjonelle ferdigheiter i rekning, og skal danne eit grunnlag for rekning i dagleglivet og den vidare opplæringa.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i grunnmodulen inneber å kunne bruke aktuelle digitale verktøy og ressursar til kommunikasjon og læring. Deltakarane skal få eit grunnlag for å bruke digitale ferdigheiter i situasjonar dei møter i kvardagen. Opplæringa i digitale ferdigheiter i grunnmodulen skal bidra til deltakarane sin autonomi og moglegheita dei har til å påverke eiga læring, og ho skal styrkje den digitale medborgarskapen til deltakarane.