Grunnmodul FOV (FOV01‑01)
Kjerneelement
Munnleg kommunikasjon
Deltakarane skal ta i bruk norsk språk for å uttrykkje seg munnleg med støtte i relevante daglegdagse og faglege samanhengar. Deltakarane skal kunne delta i munnleg kommunikasjon i ein læringsfellesskap, og kunne delta i enkel samhandling med andre i dagleglivet. I arbeidet med munnleg kommunikasjon skal deltakarane ta utgangspunkt i eigen fleirspråkleg kompetanse og behova dei har for å kommunisere munnleg i dagleglivet og i den vidare opplæringa. Munnleg språk og munnleg kommunikasjon er både eit mål i seg sjølv, ein reiskap for læring og eit grunnlag for å utvikle lese- og skriveferdigheiter.
Litterasitet
Deltakarane skal vidareutvikle litterasitet for å kunne delta aktivt i relevante praktiske og faglege samanhengar med støtte. På eit grunnleggjande nivå handlar det om å utvikle ferdigheiter og strategiar for å kunne lese og skrive korte og meiningsfulle tekstar. Deltakarane skal utforske, forstå og reflektere over samanhengen mellom talespråket og skriftspråket, og bruke dette i møte med tekstar. Deltakarane tek utgangspunkt i eigne behov, munnlege ferdigheiter på norsk, fleirspråkleg kompetanse og erfaringar med skrift i læringsarbeidet. Dei skal bruke og utvikle litterasitet i meiningsfulle og autentiske lese- og skriveaktivitetar, på eiga hand og saman med andre.
Numerasitet
Deltakarane skal vidareutvikle numerasitet til bruk i relevante praktiske og faglege samanhengar. Dette inneber å vidareutvikle ei grunnleggjande forståing av tal, mønster og samanhengar i tid og rom, i tillegg til mengder og storleikar, og lære omgrep om dette. Deltakarane skal òg erfare korleis numerasitet er fagovergripande og blir knytt til situasjonar og tekstar dei møter i dagleglivet, opplæringa, samfunnslivet og arbeidslivet. Deltakarane skal ta utgangspunkt i eigne erfaringar og behov dei har for funksjonelle ferdigheiter i rekning i dagleglivet og den vidare opplæringa. Dei skal utvikle numerasitet i meiningsfulle aktivitetar, på eiga hand og saman med andre.
Strategiar for læring
Deltakarane skal vidareutvikle eigne strategiar for læring på ulike arenaer i eige liv. Det inneber at dei bruker dei munnlege læringsstrategiane sine og utviklar nye strategiar for å ta i bruk norsk i munnlege og skriftlege situasjonar. Deltakarane skal lære å bruke omgivnadene, språkferdigheiter dei har frå før, digital teknologi og menneske dei har rundt seg, i kommunikasjon, læring og problemløysing i og utanfor opplæringa. Dei skal òg etablere rutinar for læring i opplæring, delta i ein læringsfellesskap og reflektere over eiga læring.
Praktisk utforsking
Deltakarane skal lære i meiningsfulle kontekstar og i ulike læringssituasjonar, der dei utviklar kunnskap frå praktiske erfaringar til ein meir teoretisk og generell kunnskap, og omvendt. Deltakarane skal utvikle forståing, kunne ta stilling til informasjon og arbeide med fagleg innhald på ein konkret og praktisk måte. Kjerneelementet praktisk utforsking handlar om at deltakarane utviklar fagleg forståing i møte med autentiske og praktiske situasjonar og problemstillingar. Deltakarane skal erfare at erfaringane deira, interesser og ressursar står sentralt i læringsarbeidet.