Grunnmodul FOV (FOV01‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Grunnmodulen er sentral for deltakarar som skal både lære norsk og tileigne seg grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter i vaksen alder. Grunnmodulen legg eit grunnlag for livslang læring og samfunnsdeltaking i eit skriftbasert og digitalisert samfunn, og førebur deltakarane til vidare opplæring i faga i førebuande opplæring for vaksne (FOV). Opplæringa skal ta utgangspunkt i deltakarane sitt behov for funksjonelle grunnleggjande ferdigheiter og vere relevant for livssituasjonen og framtidsplanane til deltakarane.
Grunnmodulen skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Sentralt i opplæringa står munnleg kommunikasjon og samhandling, grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter og grunnleggjande matematisk forståing. Opplæringa i grunnmodulen skal ta utgangspunkt i og bidra til at deltakarane får dra vekslar på kunnskapane og erfaringane dei har frå kvardags- og arbeidslivet. Deltakarane inngår i ein læringsfellesskap. Her skal deltakarane erfare at språkkompetansen dei har frå før, blir verdsett og kan brukast som eit verktøy for tenking og vidare læring av språk og fag.