Design og arkitektur (KDA02‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter design og arkitektur 3
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utvikle idear for innovative og berekraftige løysningar for framtidsorienterte produkt, tenester eller buformer
- planleggje og gjennomføre prosjekt, følgje steg i ein designprosess og ta omsyn til felles utarbeida analysar, kravspesifikasjonar og tidsplan
- setje seg inn i behov og lage forslag til løysingar for ei bestemt brukargruppe
- vurdere og utarbeide eit visuelt materiale eller produkt retta mot ein oppdragsgivar
- utforske eigenskapar og moglegheiter ved form, farge og ulike materiale, og bruke erfaringane i arbeid med modellar og prototypar
- vurdere og bruke materiale, utstyr og teknologi for å skape den ønskte forma, funksjonaliteten og uttrykket i eit produkt og grunngi vala
- vurdere arkitektoniske løysingar i nærmiljøet og leggje fram forslag til nye løysingar på utforming av fysiske omgivnader
- kjenne til prinsipp for universell utforming, og kartleggje og analysere korleis bygg, produkt eller tenester er tilpassa ulike brukargrupper
- arbeide med redesign og drøfte korleis kulturarv, miljø, ressursar og forbruk påverkar val og løysingar innan design og arkitektur
- gjere greie for hovudtrekk innanfor design og arkitektur frå 1900-talet til vår eiga samtid som referanse i sitt eige arbeid
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i design og arkitektur 3. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei gjennom designprosessar utviklar og visualiserer innovative løysingar. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei bruker fagspråk og presenterer, reflekterer over, vurderer og eksperimenterer med teknikk og materiale. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei arbeider med og ser samanhengen mellom form, funksjon, berekraft og brukarvennlegheit i design- og arkitekturoppgåver. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei tek i bruk historiske, kulturelle og samfunnsaktuelle referansar i sitt eige arbeid, og når dei utnyttar visuelle verkemiddel på ein formålstenleg måte.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å utforme varierte praktiske og teoretiske oppgåver som fremjar innovasjon, kreativitet og skaparglede. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i design og arkitektur, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse innanfor eit breitt spekter av oppgåver relaterte til design- og arkitekturfeltet.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter design og arkitektur 3. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som omfattar forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i design og arkitektur 3 basert på kompetansen eleven har vist gjennom varierte prosessar der målet har vore å skape innovative løysingsforslag innanfor design og arkitektur.