Design og arkitektur (KDA02‑02)
Kjerneelement
Designprosessar
Kjerneelementet designprosessar handlar om ein tenkje- og arbeidsmåte der ein legg vekt på å utarbeide ulike løysingsforslag. Vidare handlar det om kreativt og strukturert prosessarbeid individuelt og i grupper, og om utvikling av idear og løysingar for framtidige utfordringar. Dessutan handlar det om å presentere idear ved hjelp av tekst, bilete, skisser og modellar.
Form og funksjon
Kjerneelementet form og funksjon handlar om karakteristiske eigenskapar ved to- og tredimensjonal form, og om kvalitetar ved estetiske og funksjonelle rom, produkt og uttrykk. Det handlar òg om å utarbeide forslag til design- og arkitekturløysingar og om å tileigne seg kunnskap om formspråk, konstruksjon, teknologi og ergonomi. Vidare handlar det om å gjere greie for krav til og val av estetiske og funksjonelle løysingar.
Teknikk og materiale
Kjerneelementet teknikk og materiale handlar om å utforske eit mangfald av materiale, verktøy, programvare og teknikkar. Det inneber å vurdere kva teknikkar som er best eigna til ulike oppdrag, og kva kvalitetar, eigenskapar og uttrykk som finst i materiala. Vidare handlar det om helse, miljø og sikkerheit og dessutan om estetiske og etiske vurderingar og val knytte til levetid, ressursforbruk og konsekvensar for naturen og miljøet.
Brukarorientering
Kjerneelementet brukarorientering handlar om å setje brukaren i sentrum og gjere tenester, produkt og fysiske omgivnader brukarvennlege. Det handlar òg om å kartleggje målgrupper, analysere behov og ta omsyn til eit mangfald av brukarar for å utvikle tilpassa og framtidsretta løysingar. Vidare handlar det om korleis brukarbehov må vurderast opp imot innverknad på naturen og eventuelle følgjer for framtidige generasjonar.
Arkitektur og design i kontekst
Kjerneelementet arkitektur og design i kontekst handlar om å utvikle medvit om mangfald i kultur, formspråk og byggjeskikk i ulike epokar. Det handlar òg om å vurdere produkt, gjenstandar og bygningar med tanke på miljø og samfunnsendringar og i lys av design- og arkitekturhistorie. Vidare handlar det om å forstå og sjå samanheng mellom tradisjon og nyskaping og korleis dette kjem til uttrykk både lokalt, nasjonalt og globalt.