Design og arkitektur (KDA02‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Design og arkitektur handlar om å forstå korleis visuell og materiell kultur pregar omgivnadene våre og måtar vi lever og samhandlar på. Gjennom utforskande, kreative og systematiske arbeidsmåtar skal faget bidra til at elevane får arbeide praktisk med problemløysing, entreprenørskap, kritisk tenking og vurdering. Faget skal førebu elevane på eit samfunn og arbeidsliv som stiller krav om innovative og berekraftige løysingar innanfor design og arkitektur.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Faget skal bidra til at elevane får utforske og analysere idear, slik at dei kan komme fram til nye og funksjonelle løysingar. Gjennom å stimulere til refleksjon og etisk medvit skal faget bidra til at elevane kan ta vare på omgivnadene og ta omsyn til miljø og berekraft i val av materiale, produkt og tenester. Arbeidet i faget, anten det er individuelt eller i grupper, skal gi elevane styrkt identitet, større toleranse og større forståing for kulturelt og sosialt mangfald. Faget skal bidra til at elevane får innsikt i kulturuttrykka til det samiske urfolket innanfor design og arkitektur. Kunnskap om og erfaring med kreative prosessar, teknologi og materiale gir elevane eit grunnlag for å løyse problem og for å oppleve skaparglede og meistring.