Design og arkitektur (KDA02‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i design og arkitektur inneber å kunne samtale om og formidle kva som er ideen bak eit konsept, produkt eller ei teneste. Det inneber òg å kunne bruke fagspråk i presentasjonar og argumentere for sitt eige arbeid og arbeidet til andre i ulike kontekstar. Vidare handlar det om å bruke munnlege ferdigheiter til å gjere seg opp ei meining, byggje relasjonar, skape effektiv kommunikasjon og formidle ein bodskap.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i design og arkitektur inneber å kunne kommunisere og formidle eigne konsept, produkt og idear. Det inneber å kunne skissere løysingar og ta val under det praktiske prosessarbeidet ved hjelp av tekst og illustrasjonar. Videre omfattar det å kunne kombinere teikn, tekst og bilete i arbeid med layout og andre visuelle uttrykk.
Å kunne lese
Å kunne lese i design og arkitektur inneber å kunne finne og bruke fagressursar, tekstar, teikningar og annan visuell representasjon og informasjon. Det inneber å kunne lese teikningar, tolke og forstå visuelle verkemiddel og kombinasjonar av former, strukturer, symbol, tekst og bilde.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i design og arkitektur inneber å kunne bruke kunnskap om enkle berekningar, proporsjonar, volum, flate, areal og geometriske storleikar i det praktiske arbeidet. Vidare inneber det å kunne velje riktig målestokk og bruke ulike måleiningar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i design og arkitektur inneber å kunne velje og bruke digitale program og verktøy når ein arbeider i to eller tre dimensjonar med å modellere objekt, visualisere og presentere eige arbeid og organisere bilete og tekst. Vidare inneber det å kunne finne informasjon, bruke kjelder, vise dømmekraft og handtere ein brukar- og delingskultur etter gjeldande regelverk for opphavsrett.