Vg2 kokk- og servitørfag (KOS02‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter bransje og arbeidsliv

  • følgje gjeldande lover og forskrifter for bransjen og gjere greie for rolla til tilsynsmyndigheitene
  • gjere greie for risikofaktorar i eige arbeidsmiljø, førebyggje skadar og reflektere over føresetnader for eit godt arbeidsmiljø
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • drøfte etiske, praktiske og økonomiske problemstillingar knytte til produksjon, servering og sal av mat og drikke
  • gjere berekraftige og etiske val ved innkjøp, produksjon og avfallshandtering og reflektere over korleis overskotsvarer kan utnyttast
  • registrere og berekne kostnader ved svinn, foreslå tiltak for å avgrense svinn og drøfte kva konsekvensar svinnet har for økonomien til verksemda
  • vurdere samanhengen mellom råvareval, produksjonsmetode, lagring, omsetning og berekraftig produksjon
  • planleggje og gjennomføre marknadsførings- og salstiltak og reflektere over korleis det påverkar forbruksmønster
  • drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
  • utforske nye og ukjende råvarer og reflektere over endringar i forbruksmønster

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering