Vg2 kokk- og servitørfag (KOS02‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 kokk- og servitørfag inneber å kommunisere med kollegaer, leverandørar, kundar, gjester og brukarar. Det inneber òg å tilpasse språket til mottakar, innhald og formål, og å lytte til og vise respekt for dei ein snakkar med. Vidare inneber det å bruke relevante faguttrykk, fremje eigne synspunkt, drøfte problemstillingar og grunngi faglege val.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 kokk- og servitørfag inneber å utarbeide fagtekstar, informasjonsmateriell, skriftlege planar og å dokumentere eige arbeid. Det inneber vidare å reflektere, bruke kjelder kritisk og bruke faguttrykk ved skriving av tekstar.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 kokk- og servitørfag inneber å forstå faglitteratur, lovtekstar, oppskrifter, varedeklarasjonar og bruksrettleiingar til maskiner og utstyr. Det inneber òg å forstå og følgje kvalitetssystem.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 kokk- og servitørfag inneber å bruke nøyaktige måleiningar og å rekne om mellom dei. Vidare inneber det å rekne om oppskrifter til ønskt mengd og å utføre enkle økonomiske utrekningar og berekne næringsinnhald, pris og svinn.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 kokk- og servitørfag inneber å bruke digitale ressursar i planlegging, produksjon, sal og dokumentasjon av arbeidsoppgåver. Vidare inneber det bruk av digitale løysingar til merking og bruk av digitale bestillings- og betalingssystem. Det inneber òg å orientere seg i og finne fagstoff på nettet og å vise digital dømmekraft og etisk refleksjon.