Vg2 kokk- og servitørfag (KOS02‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 kokk- og servitørfag handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle identitet gjennom yrkesval og tilhøyrsle i eit arbeids- og læringsfellesskap. Temaet handlar vidare om å kunne tilby produkt som er framstilte i tråd med kostråda frå helsemyndigheitene. Det handlar òg om å vere bevisst på korleis næringsinnhaldet i og samansetjinga av maten påverkar helsa. Dessutan handlar det om å vere bevisst på den rolla bransjen speler som leverandør av trygg mat og gode matopplevingar.
Demokrati og medborgarskap
I vg2 kokk- og servitørfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å respektere synspunkta til andre og å handtere meiningsforskjellar. Temaet handlar vidare om å vareta verdiane i det demokratiske samfunnet vårt som grunnlag for profesjonell yrkesutøving og om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.