Vg2 kokk- og servitørfag (KOS02‑01)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Råvare, produksjon, sal og service: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Bransje og arbeidsliv: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Råvare, produksjon, sal og service og bransje og arbeidsliv: Eleven skal opp til éin tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Råvare, produksjon, sal og service: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Bransje og arbeidsliv: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Råvare, produksjon, sal og service og bransje og arbeidsliv: Privatisten skal opp til éin tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.