Vg3 naturforvaltning (NAB03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • utforske og beskrive sentrale artar, biotiske og abiotiske faktorar og biologiske prosessar i lokale eller globale økosystem
  • drøfte korleis synet på og bruken av natur som livsgrunnlag og til rekreasjon har endra seg over tid og i samspel med lokal kultur og identitet
  • gjere greie for korleis beiting i utmark påverkar natur og biologisk mangfald, og reflektere over korleis rovviltforvaltninga verkar inn på norsk og samisk næringsaktivitet og kultur
  • kartleggje artar, naturtypar eller naturressursar, og planleggje og gjennomføre eit tiltak som kan medverke til ei ønskt utvikling
  • drøfte korleis menneskeleg aktivitet kan påverke lokale eller globale økosystem
  • reflektere over korleis artar og område blir forvalta av grunneigarar og offentlege myndigheiter på ulike nivå
  • beskrive korleis forvaltningsplanar for artar og område blir utarbeidde og utforske korleis dei blir brukte
  • beskrive hovudtrekka i offentleg arealplanlegging og drøfte korleis ein tek omsyn til ulike brukar- og eigarinteresser
  • gjere greie for hovudtrekka i og drøfte formålet med nasjonalt regelverk og internasjonale avtalar som gjeld forvaltning av natur
  • presentere lokale, regionale eller globale miljøproblem og drøfte ulike løysingar
  • drøfte korleis berekraftig næringsverksemd, naturvern og friluftsinteresser kan samordnast i eit område, kva etiske dilemma og interessekonfliktar som kan oppstå, og korleis dei kan løysast
  • utforske og vurdere korleis bruk av natur kan bidra til betre fysisk og psykisk helse
  • gjennomføre idémyldringsprosessar for å utvikle opplevingsbasert næringsaktivitet og reflektere over korleis aktiviteten kan gjennomførast på ein berekraftig måte
  • gjere greie for omgrepet sirkulær økonomi og drøfte korleis sirkulær-økonomiske omsyn kan bidra til berekraftig naturforvaltning
  • presentere ei produksjonsbedrift og utforske korleis naturbaserte materiale kan erstatte produkt med stor klimabelastning

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering