Vg3 naturforvaltning (NAB03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 naturforvaltning handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om korleis aktivitetar og opplevingar i naturen kan vere ein ressurs for fysisk og psykisk helse. Det handlar om bruk av naturen til jakt, fiske og sanking og om verdien slik bruk av naturen har for folkehelse og livskvalitet. Vidare handlar det om korleis vi kan ta vare på og utvikle areal- og naturressursar som ei kjelde til folkehelse og livsmeistring på kort og lang sikt, og samstundes ta omsyn til den eigenverdien naturen har.
Demokrati og medborgarskap
I vg3 naturforvaltning handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om korleis vi forvaltar naturen gjennom demokratiske prosessar. Det handlar om lover, avtalar og tradisjonar som gir individ og grupper rettar og plikter knytte til bruken av dei felles naturressursane våre både lokalt og globalt. Det tverrfaglege temaet handlar vidare om deltaking i politiske forum og om å fremje eigne synspunkt, respektere usemje og handtere meiningsbrytingar.
Berekraftig utvikling
I vg3 naturforvaltning handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å verne om livet på jorda og å dekkje behova til menneska som lever i dag, utan at det går ut over moglegheitene dei kommande generasjonane har til å dekkje sine behov. Det handlar om økologisk og økonomisk berekraft i naturbasert næringsdrift, om korleis klimaet og miljøet blir påverka av utviklingstrekk i samfunnet, og om korleis bruk av teknologi gir både moglegheiter og utfordringar i eit naturforvaltningsperspektiv. Vidare handlar det om å gi elevane grunnlag for å gjere etiske vurderingar og handle miljøbevisst.