Vg3 naturforvaltning (NAB03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 naturforvaltning inneber å forklare og grunngi val, argumentere for eit standpunkt og delta i diskusjonar. Det inneber òg å lytte aktivt til andre og å presentere fagkunnskap munnleg på ein presis måte tilpassa mottakar og formål. Vidare inneber det å bruke fagspråk i drøfting av og refleksjon over faglege emne.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 naturforvaltning inneber å dokumentere eit utført arbeid og strukturere og skrive rapportar. Det inneber òg å bruke fagspråk i skriftlege saksframstillingar og å tilpasse tekstar til mottakar og formål. Vidare inneber det å utforske og reflektere over faglege emne og å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 naturforvaltning inneber å hente inn informasjon frå saksdokument, fagstoff, regelverk og kart. Vidare inneber det å følgje og vurdere debattar om fagfeltet i ulike medium. Det inneber òg å kritisk vurdere kjelder og informasjon og å vurdere ulike perspektiv i og formål med tekstar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 naturforvaltning inneber å finne, observere, måle og vurdere biologiske, fysiske og kjemiske parametrar. Å kunne rekne inneber òg å tolke tabellar, diagram og statistikk og å behandle og presentere talmateriale i tabellar og grafiske framstillingar på ein formålstenleg måte.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 naturforvaltning inneber å samle inn og registrere data, analysere og handtere resultata og presentere dei digitalt. Vidare inneber det å bruke digitale ressursar, databasar og informasjonssystem, medrekna geografiske informasjonssystem, til å samle informasjon, og å vere kritisk til kjeldene informasjonen kjem frå. Det inneber òg å bruke digitale verktøy til kommunikasjon og informasjonshandtering i forvaltningsprosessar. Det å utvikle etisk medvit og vise digital dømmekraft inngår òg i digitale ferdigheiter.