Vg3 naturforvaltning (NAB03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 naturforvaltning handlar om korleis vi menneske har forvalta naturressursane i fortida, korleis vi forvaltar dei no, og korleis vi kan forvalte dei i framtida. Dette femnar òg naturforvaltning i samiske område. Faget skal gi elevane kompetanse som er nødvendig for å kunne forvalte naturressursane på ein måte som sikrar livsgrunnlaget vårt i framtida. Faget skal òg sikre at naturbaserte næringar utøver verksemda si på ein måte som tek omsyn til produksjonsgrunnlaget.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 naturforvaltning skal bidra til å utvikle respekt for natur og naturressursar, som eit felles livsgrunnlag for menneska på jorda. Det skal fremje etisk medvit og kritisk tenking rundt bruken vår av naturen og inspirere til engasjement og utforskartrong. Faget skal òg gi innsikt i tradisjonar og mangfald når det gjeld bruk av natur, og korleis bruk av natur har skapt lokal kultur og identitet Vidare skal faget leggje eit grunnlag for forståing av og deltaking i dei demokratiske prosessane som berekraftig forvaltning er avhengig av.