Vg3 naturforvaltning (NAB03‑02)
Kjerneelement
Naturgrunnlaget og verda vår
Kjerneelementet naturgrunnlaget og verda vår handlar om dei dominerande økosystema i Noreg og i verda og korleis dei har endra seg på grunn av naturgitte faktorar, eigarforhold og menneskeleg aktivitet gjennom historia. Det handlar òg om korleis samspelet mellom menneske og natur har lagt grunnlag for busetnad, næringsdrift og annan naturbasert aktivitet. Vidare handlar kjerneelementet om korleis naturforvaltning kan vere årsak til konfliktar, kamp om ressursar og humanitære katastrofar.
Kartlegging og tiltak
Kjerneelementet kartlegging og tiltak handlar om å skaffe informasjon om ulike naturressursar. Det handlar om å kartleggje og å gjere undersøkingar i felten, og om parametrar som kan gi informasjon om statusen til ein naturressurs. Kjerneelementet handlar òg om bruk av offentlege planverk og eksisterande forskingsresultat. Vidare handlar det om tolking og formidling av ulike resultat og data. Det handlar òg om vurdering og gjennomføring av tiltak som kan bidra til ønska utvikling i eit område.
Fotavtrykk frå mennesket i naturen
Kjerneelementet fotavtrykk frå mennesket i naturen handlar om nytte- og eigenverdien til naturen og kva målet om økologisk og økonomisk berekraft betyr for framtidig næringsdrift og samfunnsutvikling. Det handlar vidare om ressursbruk, miljøutfordringar, klimaendringar og andre endringar i lokale og globale økosystem.