vg2 røyrleggjar (RLF02‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter bransjelære
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere greie for kvalitetssikringssystem, gjennomføre arbeid i tråd med gjeldande krav for helse, miljø og sikkerheit og reflektere over konsekvensane av å ikkje følgje regelverket
- risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobb-analyse og rapportere avvik
- gjere greie for korleis varme arbeider kan forårsake brann, iverksette sikkerhetstiltak og hindre brann
- planleggje å installere røyrleidningar etter teikningar og beskrivingar ved å bruke ulike prosjektverktøy og arbeide etter gjeldande regelverk
- kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, reflektere over konsekvensane av feilhandtering og iverksette tiltak
- reflektere over betydninga av orden på byggje- og anleggsplassar, følgje rutinar for dette og lage ein avfallsplan
- bruke og halde ved like arbeidsutstyr, verktøy og maskiner og vurdere konsekvensane for kvalitet, funksjonalitet, miljø og økonomi
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av lyd- og støveksponering
- feste materiale i tre, gips, metall, lettbetong og betong ved å bruke ulike teknikkar og festemateriell, og vurdere konsekvensane av feilbruk
- bore hol i konstruksjonar etter gjeldande regelverk og vurdere kva faktorar som kan svekkje konstruksjonen
- velje materiale og røyr til ulike anleggstypar og gjere greie for korleis produkteigenskapane påverkar røyrsystemet
- reflektere over fordeler og ulemper ved ulike entrepriseformer
- planleggje prosjekt, berekne kostnader og drøfte faktorar som påverkar lønnsemda til bedrifta
- drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva rettar og plikter arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget bransjelære når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i programfaget bransjelære. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget bransjelære ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget bransjelære basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.