vg2 røyrleggjar (RLF02‑01)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Bransjelære: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Sanitærteknikk: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Varmeteknikk: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Bransjelære, sanitærteknikk og varmeteknikk: Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen hvor de felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha ein forebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Bransjelære: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Sanitærteknikk: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Varmeteknikk: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Bransjelære, sanitærteknikk og varmeteknikk: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.