vg2 røyrleggjar (RLF02‑01)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I Vg2 røyrleggjar handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å velje produksjonsmetodar og materiale som gir energieffektive og berekraftige produkt med lite miljøavtrykk. Det handlar vidare om å levere reint drikkevatn til bygg og om å handtere avløpsvatnet slik at det ikkje forureinar. Det handlar òg om å handtere overvatn som følgje av klimaendringar og om å finne miljøvennlege og innovative løysingar innanfor sanitærteknikk og varmeteknikk.