vg2 røyrleggjar (RLF02‑01)
Kjerneelement
Sanitæranlegg
Kjerneelementet sanitæranlegg handlar om å installere og halde ved like vass-, spillvass- og overvassrøyr med tilhøyrande komponentar. Vidare handlar det om å teikne sanitære vass- og avløpsrøyr og å dimensjonere og montere røyr i tråd med gjeldande regelverk. Å vurdere vasskadesikkerheit, ekspansjon og kondensering er òg ein del av kjerneelementet.
Vassbårent varmeanlegg
Kjerneelementet vassborne varmeanlegg handlar om å installere, regulere og halde ved like vassborne varmeanlegg. Det handlar òg om å teikne og montere røyr i varmeanlegg og vurdere driftssikkerheita. Å drøfte energisparande tiltak er òg ein del av kjerneelementet.
Praktisk yrkesutøving
Kjerneelementet praktisk yrkesutøving handlar om å planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeidsoppgåver i tråd med lover og forskrifter og å bruke kvalitetssikringssystem. Vidare handlar kjerneelementet om å velje produkt og verktøy ut frå materialforståing og bygningskonstruksjonar. Det handlar òg om å drøfte regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet, og om å reflektere over eigen praksis.