vg2 røyrleggjar (RLF02‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 røyrleggjar handlar om å utvikle kompetanse til å installere røyrleidningar med tilhøyrande komponentar og utstyr i nye og eksisterande bygg. Programfaga skal gjere elevane i stand til å halde ved like, modernisere og bevare røyrtekniske anlegg. Programfaga bidreg til samfunnet gjennom å utvikle elevenes kompetanse til å installere berekraftig røyrsystem for vatn, varme og avløp som er energisparande, fremjar vasskadesikkerheit og bevarer det estetiske uttrykket.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 røyrleggjarfaget skal bidra til engasjement når elevane installerer sanitær- og varmeanlegg med varige miljø- og energieffektive kvalitetar. Kritisk tenking og etisk medvit blir fremja gjennom val av berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting og gjenbruk av materiale vil òg bidra til å fremje respekt for naturen og miljøet. Identitet og kulturelt mangfald blir fremja gjennom at elevane er i dialog om og reflekterer over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap i bygg- og anleggsbransjen.