Samfunnsfag FOV (SAF03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter modul 1

  • finne relevant informasjon i svært enkle tekstar
  • kjenne til og utforske nettstader som er relevante for eige liv og eiga helse, og samtale med støtte om nettvett i kvardagen
  • bruke kart og bilete for å utforske lokalsamfunnet
  • samtale om erfaringar med ulike samfunn
  • gi døme på enkle kjenneteikn ved demokrati og på korleis medborgarskap kan utøvast i eigen kvardag
  • gi døme på grunnleggjande menneskerettar
  • utforske demokratiske prosessar gjennom å forme ut og praktisere reglar saman med andre i ulike samanhengar
  • gi døme på korleis menneske kan påverke miljøet i kvardagen
  • fortelje på ein svært enkel måte om eigen kompetanse, det norske skulesystemet og betydninga av utdanning
  • samtale på ein svært enkel måte om ulike familieformer, variasjonar i barneoppseding og arbeidsdeling i familien
  • samtale med støtte om korleis menneske levde for éin til to generasjonar sidan
  • utforske moglegheiter for deltaking i lokalt frivillig arbeid
  • bruke enkeltord og enkle setningar til å skrive og svare på enkle spørsmål

Undervegsvurdering