Samfunnsfag FOV (SAF03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Samfunnsfag er eit sentralt fag for engasjement, kritisk tenking og aktiv medborgarskap. Faget skal styrkje forståinga deltakarane har av seg sjølve og av samfunnet dei lever i, og gi dei innsikt i korleis dei kan påverke eige liv og eiga framtid. Deltakarane skal sjå samanhengar mellom individuelle val, samfunnsstrukturar og tolegrensa til naturen og få auka forståing av dei ulike fellesskapane vi menneske inngår i både lokalt, nasjonalt og globalt. Slik bidreg samfunnsfaget til å styrkje deltakarane si forståing av si eiga rolle i samfunnet og av korleis dei kan påverke samfunnet og sitt eige liv i fellesskapane dei er ein del av, no og i framtida.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget i opplæringa. Samfunnsfag skal fremje demokratiske verdiar og haldningar som toleranse, likeverd og respekt som motvekt til fordommar og diskriminering. Gjennom samfunnsfaglege tenkjemåtar og metodar skal deltakarane utvikle forståing for demokrati, miljø, menneskerettar, likestilling og verdien av mangfald. Samfunnsfag skal bidra til forståing for at vi er både historieskapte og historieskapande. Kompetansen og erfaringane til deltakarane og dei ulike kulturelle bakgrunnane og fleirspråklege ressursane deira skal anerkjennast og brukast aktivt i opplæringa og vurderinga. Deltakarane skal få erfaring med og praktisere ulike former for demokratisk deltaking og medverknad, både i det daglege arbeidet med faget og i samfunnsliv og arbeidsliv.