Samfunnsfag FOV (SAF03‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Å ha munnlege ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne fortelje om, beskrive og bruke fakta og fagomgrep i meiningsytringar, samtalar og presentasjonar i opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv. Munnlege ferdigheiter handlar òg om å lytte til, vurdere, gi respons på og vidareutvikle innspel frå andre. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i samfunnsfag går frå å uttrykkje eigne meiningar på ein enkel måte på norsk til å grunngi eigne faglege synspunkt. Ferdigheitene blir òg utvikla gjennom aukande bruk av argumentasjon og fagomgrep. Evne til å uttrykkje usemje med respekt for andre sine oppfatningar er òg ein viktig del av munnlege ferdigheiter.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i samfunnsfag inneber å kunne formidle kunnskap og meiningar skriftleg i både opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv. Det inneber å kunne formidle bodskap gjennom samansette tekstar, og bruk av visuelle uttrykk inngår dermed som ein naturleg del av skrivinga. Utviklinga av skriveferdigheiter i samfunnsfag går frå å formulere enkle faktasetningar og konkrete spørsmål til å skrive fagtekstar med grunngitte standpunkt.
Å kunne lese
Å kunne lese i samfunnsfag inneber å kunne forstå ulike typar tekstar frå opplæring, samfunnsliv og arbeidsliv. Det inneber òg å kunne forstå og bruke informasjon frå bilete, film, teikningar, grafar, tabellar og kart. Vidare vil det seie å vere kritisk når det gjeld informasjonssøk og val av kjelder. Utviklinga av leseferdigheiter i samfunnsfag inneber ei gradvis oppøving frå å lese og forstå fagord, tekstar og visuelle framstillingar til å tolke og vurdere dei. Til å byrje med finn deltakarane informasjon i enkle, tilrettelagde kjelder. Seinare kjem oppøving av evna til å gjere eigne informasjonssøk, samanlikne informasjon frå ulike typar kjelder og kritisk vurdere kor nyttige og truverdige kjeldene er.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i samfunnsfag inneber å kunne arbeide med og vurdere datamateriale i samband med faglege tema frå opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv, og å arbeide med dette ved hjelp av tabellar, grafar og figurar. Tids- og stadsforståing uttrykt gjennom tidslinjer, målestokk og modellar er sentralt for å forstå samanhengar i samfunnsfaget.
Digitale ferdigheiter
Å ha digitale ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne utforske nettstader for å søkje relevant informasjon om samfunnsfaglege tema og å utvise digital dømmekraft og utøve kjeldekritikk i både opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv. Ferdigheitene omfattar òg å kunne bruke digitale presentasjons- og samarbeidsverktøy til å utarbeide, presentere og publisere samansette tekstar. Digitale ferdigheiter vil vidare seie å kunne kommunisere og samarbeide digitalt om samfunnsfaglege tema og å følgje reglar og normer for nettbasert kommunikasjon, inkludert personvern og opphavsrett. Ferdigheitene inneber òg å kunne vareta informasjons- og datasikkerheit.