Samfunnsfag FOV (SAF03‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å styrkje deltakarane sine føresetnader for å ta informerte val om fysisk og psykisk helse og kjenne til samfunnsinstitusjonar som kan vere viktige i ulike livsfasar. Det skal gi kunnskap om emne som seksualitet, kjønn og kjønnsidentitet, og det skal bidra til forståing for mangfald og motverke utanforskap. Vidare har dette temaet som mål å auke deltakarane si forståing for ulike kulturar og styrkje den interkulturelle kompetansen deira. I dette inngår kunnskap om korleis relasjonane våre og tilhøyrselen vår blir påverka av andre. Temaet skal leggje til rette for livslang læring og deltaking både i arbeidslivet og i samfunnslivet.
Demokrati og medborgarskap
I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at deltakarane vidareutviklar kunnskapar og ferdigheiter for å kunne delta aktivt i samfunnet og i demokratiske prosessar. Med utgangpunkt i eigne erfaringar skal deltakarane reflektere over demokratiske verdiar og prinsipp, og kva som kan true demokratiet. Vidare skal det tverrfaglege temaet klargjere forholdet mellom ytringsfridommen og vernet mot diskriminering. Deltakarane skal kunne handtere ulike perspektiv og meiningsbryting og øve evna til å tenkje kritisk. Kjeldekritisk kompetanse inngår som ein viktig del av dette. Temaet skal bidra til at deltakarane kan delta i og vidareutvikle demokratiet. Det skal òg førebyggje ekstreme haldningar, ekstreme handlingar, rasisme og terrorisme, og gi kunnskap om terrorhandlinga i Noreg 22. juli 2011.
Berekraftig utvikling
I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at deltakarane forstår korleis sosiale, økonomiske og miljømessige forhold påverkar livsgrunnlaget til natur og menneske. Ulike perspektiv på til dømes fordeling og makt er viktig for å forstå arbeidet med berekraftig utvikling lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Kunnskap om korleis eigne og andre sine handlingar påverkar klimaet og miljøet, og om korleis levekår, levesett og demografi heng saman, bidreg til denne forståinga. Deltakarane skal med utgangspunkt i eigne erfaringar reflektere over dilemma knytte til ulike sider ved berekraftig utvikling, og over korleis handlingar har betydning på både individnivå og samfunnsnivå. Gjennom arbeidet med temaet skal deltakarane bli klare over korleis dei sjølve kan gjennomføre etiske og miljøbevisste val.