Samfunnsfag FOV (SAF03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter modul 3

  • samtale om kva digital dømmekraft og kjeldekritikk inneber, og samtale om kvifor hendingar blir framstilte på ulike måtar
  • samanlikne og vurdere informasjon frå ulike kjelder, og bruke kjelder i eige arbeid
  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka demografi, levekår og busettingsmønster
  • beskrive geografiske hovudtrekk i Noreg og ulike delar av verda og reflektere over korleis geografi påverkar kultur og menneske
  • utforske korleis politiske parti fremjar ulike verdiar og interesser, og diskutere nokre relevante samfunnsspørsmål
  • samtale om kvifor konfliktar oppstår, og korleis kvart enkelt og ulike samfunn kan handtere desse
  • samtale om og reflektere over kva likeverd og likestilling betyr i eit demokrati
  • gi døme på korleis ein kan motarbeide fordommar, diskriminering, rasisme og utanforskap
  • gi døme på sentrale normer, reglar og lover, og reflektere over kva konsekvensar brot på desse kan ha for kvar enkelt og for samfunnet
  • forklare omgrepa berekraftig utvikling og klima, og utforske tiltak som kan bidra til eit meir berekraftig samfunn
  • presentere sentrale aktørar og gi døme på lover og reglar som regulerer arbeidslivet
  • utforske relevante utdanningstilbod og lokalt arbeidsliv og reflektere over eigne moglegheiter for vidare opplæring, utdanning og karriere
  • presentere nokre sentrale historiske hendingar og prosessar som har danna grunnlaget for framveksten av det moderne Noreg
  • samtale om og reflektere over kjønn, identitet og grensesetjing for eigen kropp
  • skrive og fortelje om samfunnsfaglege tema og uttrykkje eigne meiningar

Undervegsvurdering